Før turen brukte vi god tid på førarbeid og planlegging av turen. Veka før turen hadde vi teori der vi lærte om orientering og ledelinjer i vinterfjellet. Under turplanlegginga kom klassen fram til mål med turen, rute og pakkeliste. Målet med turen var å teste utstyr og sjå at alt fungerte, samtidig som vi skulle bruke teorien vi hadde lært om korleis ein skal bevege seg i vinterfjellet. Vi planlagte ein plan A, plan B og ein kriseplan. Vår plan A var å gå mot Reipa, følge Skavassgrovi oppover og bevege oss oppover mot Skavasshaugane og returnere same veg. Plan B var å gå opp mot reipa, følge stien opp mot rysete, og eventuelt opp mot skavasshaugane. Kriseplanen vår var at viss noko skulle skje, returnerar vi på eit gunstig tidspunkt.
Klokka 12:45 møtte alle utafor skulen der vi vart frakta med minibuss til Rindabotn. Her fekk alle tatt på feller, pakka spade i sekken og få orden på resten av utstyret. Vi brukte god tid på å sjå på kartet og finne ledelinjer vi skulle bruke vidare. Vi fann eit par ledelinjer på kartet som vi vart einige om passa fint. Desse var hyttene på Stedjekamben, Kambagrovi og bekken som renn ved sidan av skiløypa. Vi begynte å gå frå Rindabotn og opp mot "Raudekorskassen", vidare opp mot Reipa før vi tok av mot Skavassgrovi. Kristina og Torgeir tok ein beslutning om at vi skulle gå litt forbi Reipa, opp mot Rysete, før vi tok av. Dette var ikkje heilt etter plan A, men dette gjorde dei fordi dei såg ein skavl og for at vi skulle bruke teorien vi hadde lært veka før. No møtte vi ein litt større utfordring sidan vi no var utanfor skiløypa. Det var heile tida to stykk som hadde ansvar for navigering i samarbeid med Kristina og Torgeir. Når vi kom til denne skavlen tok vi ein stopp der Torgeir fortalte litt og vi skulle bruke teorien vi hadde lært. Det var viktig at vi holdt avstand til skavlen. Er det brattare enn 30 grader og henget er høgare enn 5 meter, kan det vere fare for skred. Det er anbefalt å vere 3 gongar så lant vekke, henget er høgt, for å unngå å bli tatt av skredet om det vert utløyst.
![]() |
I følge Mytting og Bichoff (Friluftsliv,2008) viser dette bilde avstanden ein burde halde halde for å unngå å bli tatt av skred. |
Vidare fortsatte vi opp mot Skavasshaugane. Sidan vi hadde tatt av mykje høgre oppe enn planlagt gjekk vi opp langs ryggen på Skavasshaugane. Det var nokon småproblem som oppstod. På grunn av manglande utstyr måtte Kristina snu med Vegard, medan Torgeir tok med seg resten av gruppa vidare. Vi gjekk ikkje heilt til toppen av Skavasshaugane, men runda av mot aust litt før, og tok til på nedoverkøyringa i nærleiken av Skavassgrovi. Nedover tok det litt tid, og det var mykje fall og ikkje minst latter! Vi køyrte ned mot skiløypa og fulgte den siste rest før vi var nede igjen til minibussen rundt 14:45.
I løpet av denne turen lærte eg mykje om korleis ein skal bevege seg i vinterfjellet. Det var tydeleg kor viktig ledelinjer på kartet er og korleis ein skal bruke desse til navigering og for å vite kvar ein er i terrenget. Eg lærte at riktig utstyr er viktig og at det er betre å ha med for mykje enn for lite klede. Til neste tur vil eg ha med meg varmare vottar og enda meir klede, då det viste seg å bli litt kaldare enn eg hadde trudd. Alt i alt ein fin tur der vi nådde måla med turen og fekk mange erfaring med vinterfjellet.
Tysdag 23.02.
Turplanlegginga før denne turen tok vi på morgonen på turdagen. Ein student som skulle vere med på turen hadde gjort mykje av planlegginga på førehand og la fram planen. Plan A var at vi skulle gå frå Goro, vidare til Ospeseter og til Pikkhaug. Det var tydeleg at det var kraftlinja vi skulle bruke som haldepunkt og ledelinje. I nokon parti skulle vi gå fekk i frå kraftlinja, for so å finne tilbake til den. Kriseplanen var å snu, sidan vi hadde ein bil på Goro om noko skulle skje. Frå Goro skulle vi følge traktorvegen til Ospesete. Der i frå skulle vi navigere oss slik at vi traff enten vegen eller kraftlinja som møttest i eit kryss. Vidare følgte vi kraftlinja til den fekk ein knekk. Her i frå skulle vi gå rett opp mot Pikkhaug. Vi fekk eit mål for turen, noko som var at ein skulle unngå å bli sveitt/våt/fuktig. Dette fordi at fuktigheit gjer at ein vert kald.
Her er løypa som vart gjennomført på turen.