torsdag 7. mai 2015

Kystfriluftsliv - kanopadling

Planlegging av tur med kano
Når vi skal på kanotur treng også dette panlegging. Vi må ha med oss klede, mat og utstyr, ha eit mål med turen og vere klar over kva slags krav turen vi skal på stiller. Ein må vurdere kva slags område ein vil padle i. Ein må ha eit startpunkt og eit endepunkt for turen. Ein burde sjekka vind og vêr, noko som kan vere avgjerande for turen. Ein tidsplan bør også vere å plass. Marsjfarten på flatt vatn set vi til mellom 4 og 8 km/t, men det vil vere mykje mindre i motvind. Navigering og vegval er viktig. Å padle nært land og følgje strandlinja er ikkje dumt.


Før du set ut på vatnet
Når ein skal ut å padle er det viktig å tenkje på sikkerheiten. Det er fort for å velte og ein velt kan fort bli dramatisk. Før ein legg utpå vatnet er det greit å tenkja gjennom sikkerheiten og ha ein plan om noko skulle skje. Det første vi gjer er å sjekke om båten er sjøklar. Kontroller at kanoen flyt når han er fylt med vatn og sjå etter lekasjar eller skade på kanoen. Ein skal unngå lause reimar og tau som kan ein kan hekte seg fast i om ein skulle velte. Hald kanoen så reinska som mogeleg og pass på at ein har god plass til å frigjere seg frå sete om ein veltar.

 Ein skal alltid ha på seg redningsvest, men klesvalet er også veldig viktig. Det aller beste er å bruke ein padlevest som gir betre røyslefridom og egnar seg betre når ein skal padle. Det er viktig at vesten passar slik at ein ikkje sklir ut av vesten om ein hamnar i vatnet. Som sagt er kleda ein tek på seg viktig. Det er lurt å ta på seg ullkle som vil fungere som eins lags våtdrakt om ein dett ut i vatnet. Vatnet blir soge opp i fibrane og varma opp av kroppen slik at det vert skapt ein buffer mellom den varme huda di og det kalde vatnet utanfor, noko som vil redusere varmetapet mykje. Eit vasstett lag utanpå gjer at du held deg tørr frå vassprut når du padlar. Ullsokkar på føtene og praktisk fottøy som joggesko eller lette fjellsko er lurt. Hugs alltid å ha med nødvendig utstyr når ein legg ut på tur. Auskar, eit lite spann eller liknande kan vere viktig for å tømme båten for vatn som eventuelt kan komme inn ved at bølgjer slår inn i kanoen.

På vatnet
På måndag 13.04 var vi ute å testa kanonane. Vi lyfta kanoane ned på flytebrygga og haldt dei langs brygga medan vi gjekk ombord. Det er ofte i desse situasjonane der det kan oppstå "ufrivillige bad". Vi gjekk ombord i kanoane på ei flytebrygge der det var djupt, då slapp vi å tenkje på eventuelle steinar eller svaberg under oss, som kan gjere skade på kanoen. Eg og Marte var i lag i ein kano, og vi la bagasjen vår ned i kanoen først. Deretter gjekk ein og ein ned i kanoen medan den andre holdt kanoen inntil flytebryggja. Vi var bevisste på måten vi gjekk ned i kanoen på, spesielt då det var mykje vind og bølgjer.
I første del av turen opplevde vi mykje vind og bølgjer som skapte litt problem. Det var vanskelig å halde kanoen i ro medan vi venta på at alle skulle komme seg på sjøen. Under resten av turen var både vi og Kristina opptatt av å halde oss nærme land og at heile gruppa skulle vere samla. Kvar kano hadde ein kameratkano i nærleiken som skal hjelpe til om det oppstår situasjonar der det trengst. Det var ein fin kanotur der vi fekk prøve oss litt på vatnet, teste ulike teknikkar og handtere ulike situasjonar. Eg og Marte padla bra saman og hadde fin flyt og teknikk.

Kameratredning og førstehjelp
For å vere forberedt på situasjonar som kan oppstå når ein er ute å padlar, har vi øvd på kameratredning. Eg, Marte og Ingvild var inne i symjehallen der vi fekk øve oss på ein situasjon der ein kano velta. Vi hadde to kanoar, to i ein og ein aleine. Den som var aleine i kanoen velta, og vi i kameratkanoen padla bort. Det første ein må gjere er å få tømt kanoen for vatn. Kameratbåten legg seg inntil på tvers med stamnen midtskips. Den personen som ligg i vatnet legg seg bakerst på kanoen i vatnet og "pressar" den enden ned i vatnet. Då lyftar framstamnen seg opp av vatnet slik at kanoen kan tragast på tvers inn over kameratkanoen. Vi legg kanoen på midten slik at mesteparten av vatnet renn ut, etter det snur vi den. Vi legg kanoen ut igjen på vatnet og held den inntil kameratkanoen. Den som ligg i vatnet kjem mellom kanoane og lyftar seg opp. Den som ligg i vatnet hjelper til med å få lyfta framstamnen opp, men etter dette kan personen legge seg og kvile ved kameratkanoen.
Eg synest at eg, Ingvid og Marte klarte dette ganske bra. Vi fekk øve oss på å vere i begge situasjonar, både velte og redde. Eg meinar det er viktig at vi får øve på dette slik at vi veit kav vi skal gjere dersom noko skal skje. Av og til kan det bli litt dramatisk og ein kan få litt panikk, då er det greit å ha øvd på det slik at ein veit kva slags arbeidsoppgåver ein har.

Kjelder:
*Friluftsliv, Ivar Mytting og Annette Bischoff
*Bilder frå Google