torsdag 26. mars 2015

Snøholetur 16.-17.mars

Endelig var det tid for snøholetur! Etter mykje leiting fann vi ein skavel som var passande. Når ein skal velge område der ein skal grave snøhola er det viktig at snøen er djup nok og fast nok. I tillegg må det vere mogeleg å skjære han ut i blokker. Det er også viktig å vere sikker på at det ikkje er skredfare i område og at ein vel ein skavel der henget ikkje er høgare enn fem-seks meter og 30 grader bratt. Det første vi gjorde var å å bruke søkjestonga  der vi målte snødjupna og for å sjekke kor hardt snødekke var. Her møtte vi ikkje på noke harde isparti og snøen var djup nok til å grave ei snøhole.

På gruppa mi var vi fire jenter (eg, Marte, Stine og Kjersti). Vi valde å dele oss i to, slik at to skulle begynne på brisken og to på sjølve inngangen. Eg og Stine satt igang med å grave ut brisken, medan Marte og Kjersti tok inngangen. Mellom inngangen og brisken hadde vi omtrent ein meter. I begynnelsen gjekk det greit å grave, men etter ei stund møtte vi på ei slags luftlomme i skavlen. Alt vi hadde gravd før denne luftlomma var eigentleg "bortkasta" då snøhola skulle byrje der denne luftlomma var. Når vi var kommen forbi luftlomma endra snøen seg og det vart mykje hardare å grave. Det var tungt, men vi kom oss innover. Når vi hadde komme omtrent ein halv meter inn begynte vi å grave mot kvarandre. Vi fortsatte å grave vidare til vi hadde den breidda og djupna på brisken. Snøen vi grov ut frå brisken brukte vi til å tette igjen gangen der vi begynte å grave. Det tok ganske lang til å få den høgda på taket vi ville ha og ikkje minst det å få laga brisken brei nok. Det var fire veldig slitne og leie jenter, men etter nokre småpausar og motiverande ord frå Kristina og Torgeir fortsatte vi. Det var meir hakking enn graving, og vi måtte verkeleg vere tolmodige.



Når vi hadde fått brisken litt større var det plass til at to stykk satt der å gravde, medan ein stod i kuldegropa. Vi gjorde brisken jamn og fekk taket i ein bogeform. Vi gjekk over heile taket for å unngå spissar der det ville begynne å drype. Når vi var ferdige inne i hola var det blitt mørkt ute. Det siste eg og Marte gjorde var å skjære ut blokker som vi skulle bruke til å dekke til inngangspartiet. Dette gjorde vi ved å lage ei slags trapp og brukte saga til å skjære ut trappetrinna i trappa. Vi la ski som ein kant underst slik at blokkene kunne kvile på desse. Vi la blokkene opp over og dekte til inngangen.

Erfaringane frå gravinga av snøhola er mange. For det første ville eg hatt ein litt meir nøyaktig plan når vi begynte å grave. Eg ville ha laga brisken og generelt heile snøhola litt større enn det vi hadde det, men dette var vanskeleg med tanke på den harde snøen. Til neste gong ville eg også passa på at snøen vi tek ut frå hola vert kasta langt nok vekk, slik at ein ikkje må stå seinare og grave vekk alt ein har kasta rett utanfor inngangen.




Snøholetur var ei heilt ny oppleving for meg. Det var tungt, men veldig lærerikt. Det var absolutt ein veldig kjekk tur og eg fekk mange nye erfaringar.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar