Mandag 29.09 reiste vi opp til Rutlin. Der hadde to studentar laga til eit bål. Vi fekk nokon oppgåver vi skulle gjere. Tre stykk skulle lage ein trefot, nokon skulle spikke og andre samle inn never. Eg, Marte og Stine tok ansvaret for å lage ein trefot. Vi brukte saga og lagde tre pinnar i ca. samme størrelse på 1,5 meter. Vi brukte ein tråd som vi surra i åttetall rundt dei tre pinnane og knytte fast. Vi brukte enda ein tråd som vi laga eit "feste" der vi skulle henge panna.
 |
Dette er ein trefot |
Etter at alle var ferdge med oppgåvene sine satt vi oss rundt bålet. Nokon hadde med seg toast og nokon pølser. Før vi skulle gå hadde vi litt teori om bålbrenning. Vi lærte litt om ulike vedtypar og kva som egnar seg best til bål. Bøk og Eik vil gi mest varme, medan Bjørk brenn seinast. Det som egnar seg best til matlaging er bål med jamn varme overalt.
Det finnst ulike typar bål, men vi fokuserte på det som blir kalla "vinterbål".
 |
Dette er eit vinterbål.
Vinterbålet sakl vere tettepakka, slik at det varer lenge. Det er oppbygd på ein spesiell måtemed tjukke, rå stokkar i botnen. Over den tjukke veden finn vi litt tynnare og tørrare ved, som igjen er toppa med nøreved (tynne,tørre kvistar og tørr flis.) På toppen av bålet skal det leggast spon flis av tørr ved, tørt granris og bjørkenever. Når vi får eld i vinterbålet brenn det nedover, noko som alltid har tilgang på oksygen.
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar