Vår første friluftslivtur gjekk til Fjærlandsete. Vi møtte opp ved utstyrshuset der vi fordelte fellsutstyret og fekk kart og kompass. Då alle var på plass og utstyret pakka, satte vi oss i bussen og satte kursen mot Mannsverk. Vi hadde ei lita samling der vi såg på kartet og kompasset før vi starta på turen. Første gruppe leda oss opp til Furusete der vi hadde første stopp og lunsjpause. Vi stoppa rundt ein time der vi fekk fylle på med mat og drikke i det varme været. Vi starta neste etappe med eit høgt tempo og turen frå Furuset til Fjærlandsete gjekk veldig fort. Etter litt leiting fann vi oss ein fin plass til å slå opp telta. Då vi var ferdige å slå opp telta og lage til soveplassar, fekk vi ein 1,5 time der vi kunne slappe av og gjere det vi ville. Nokon slappa, nokon gjekk seg ein tur og andre fiska. Rundt klokka fire starta alle teltgruppene med middag. Mi gruppe lagde torillalefse, fajitaskylling og tilbehør. Resten av kvelden vart brukt til quiz, avslapping, kortspel, godterieting og mykje latter. Kvelden vart avslutta rundt bålet med heile klassen. Neste morgon var vi oppe og hoppa allerede klokka 8. Då pakka vi saman telta og åt pannekaker til frukost. Vi starta på heimvegen og gjekk jamnt og trutt mot fagreggji der vi hadde matpause. Derifrå gjekk vi til Kollsete, før vi to bussen tilbake til skulen. Der vaska vi stormkjøkkena, hang opp telta og levrte inn kart og kompass. Det var ein kjempefin tur med nydeleg vær og ein fin gjeng!
 |
Kart som viser soveplassen mi gruppe valde ut. Vi kom fram til denne plassen etter litt leiting. Vi tok hensyn til heile klassen sitt ønske om å ha leirplass nærme vatnet. Det var ein plass der det var ganske flatt og plass til alle telta, samtidig som at det var tørt. |
 |
Her er ruta gruppa mi leia.
|
 |
Matlaging på stormkjøkken. |
 |
Gruppa mi set opp telt. |
Ting som kan gjerast annleis
Visst det var noko eg skulle gjort annleis ville det vert at eg velgjer ein litt enklare frukost, sidan pannekaker tok tid og var veldig vanskeleg å steike på stormkjøkkenet. Då blir det lettare å komme seg avgårde til rett tid om morgonen, noko vi ikkje klarte på denne turen.
Positive ting eg vil fortsette med
Eg var veldig fornøyd med val av kle og sko. Eg hadde med meg nok byte kle og varme kle slik at eg alltid haldt meg varm og tørr. Sidan det vart mykje kaldare med ein gang sola gjekk ned var det veldig lurt å ha med ei god varm jakke som eg kunne ta på meg. Dette er noko eg skal fortsette med alle turar, sidan det ikkje er særlig kjekt å vere på tur når ein er våt og kald.
Noko eg lærde
På dennne turen lærde eg mykje om kart og kompass. Dette var noko eg ikkje kunne noko særleg om frå før av. Eg lærde korleis eg tek ut ein kompass kurs og korleis eg kan bruke ledelinjer til å orientere meg i terrenget. Vi fekk bruke det vi hadde lært når dei ulike gruppene skulle lede heile klassen ein del av turen.
Dette var ein lærerik og veldig morro tur!
Hei Rebekka! Dette var eit flott blogginnlegg om ein fantastisk tur! Du har tatt veldig flotte bilder av naturen vennene dine og herlig mat. Ser ut som at du hadde det topp med den kule gruppa di. Lurt å droppe pannekake til frukost på neste tur, dette var berre eit digert ork. Eg ser fram til ein anna hærlig frukost med deg på neste tur. Dette innlegget gjorde meg inspirert til neste tur, stå på og GOD TUR! :-D
SvarSlettHei Rebekka!
SvarSlettVeldig moro å vere på tur med deg. Flotte bilder og mykje interresant å lese. Gledar meg til neste tur, der me skal ta fatt på nye utfordringar opplevingar.
bra du har hart ein morro tur =D gleda meg til tur på nuken med deg når eg ser kor lærerikt og artig du har hatt det på din første tur!! Her er du verkeleg i ditt rette element xD
SvarSlettTakk jenter! varmar med lsike hyggelege kommentarar :P <3
SvarSlettNow i finaly know who you are, Rebekka. c u
SvarSlett