tirsdag 24. februar 2015

SKITUR 10.02. & 23.02.

Måndag 10.02.

 Før turen brukte vi god tid på førarbeid og planlegging av turen. Veka før turen hadde vi teori der vi lærte om orientering og ledelinjer i vinterfjellet. Under turplanlegginga kom klassen fram til mål med turen, rute og pakkeliste. Målet med turen var å teste utstyr og sjå at alt fungerte, samtidig som vi skulle bruke teorien vi hadde lært om korleis ein skal bevege seg i vinterfjellet. Vi planlagte ein plan A, plan B og ein kriseplan. Vår plan A var å gå mot Reipa, følge Skavassgrovi oppover og bevege oss oppover mot Skavasshaugane og returnere same veg. Plan B var å gå  opp mot reipa, følge stien opp mot rysete, og eventuelt opp mot skavasshaugane. Kriseplanen vår var at viss noko skulle skje, returnerar vi på eit gunstig tidspunkt. 


Klokka 12:45 møtte alle utafor skulen der vi vart frakta med minibuss til Rindabotn. Her fekk alle tatt på feller, pakka spade i sekken og få orden på resten av utstyret. Vi brukte god tid på å sjå på kartet og finne ledelinjer vi skulle bruke vidare. Vi fann eit par ledelinjer på kartet som vi vart einige om passa fint. Desse var hyttene på Stedjekamben, Kambagrovi og bekken som renn ved sidan av skiløypa. Vi begynte å gå frå Rindabotn og opp mot "Raudekorskassen", vidare opp mot Reipa før vi tok av mot Skavassgrovi. Kristina og Torgeir tok ein beslutning om at vi skulle gå litt forbi Reipa, opp mot Rysete, før vi tok av. Dette var ikkje heilt etter plan A, men dette gjorde dei fordi dei såg ein skavl og for at vi skulle bruke teorien vi hadde lært veka før. No møtte vi ein litt større utfordring sidan vi no var utanfor skiløypa. Det var heile tida to stykk som hadde ansvar for navigering i samarbeid med Kristina og Torgeir. Når vi kom til denne skavlen tok vi ein stopp der Torgeir fortalte litt og vi skulle bruke teorien vi hadde lært. Det var viktig at vi holdt avstand til skavlen. Er det brattare enn 30 grader og henget er høgare enn 5 meter, kan det vere fare for skred. Det er anbefalt å vere 3 gongar så lant vekke, henget er høgt, for å unngå å bli tatt av skredet om det vert utløyst.


I følge Mytting og Bichoff (Friluftsliv,2008) viser dette bilde avstanden ein burde halde halde for å unngå å bli tatt av skred.

Vidare fortsatte vi opp mot Skavasshaugane. Sidan vi hadde tatt av mykje høgre oppe enn planlagt gjekk vi opp langs ryggen på Skavasshaugane. Det var nokon småproblem som oppstod. På grunn av manglande utstyr måtte Kristina snu med Vegard, medan Torgeir tok med seg resten av gruppa vidare.  Vi gjekk ikkje heilt til toppen av Skavasshaugane, men runda av mot aust litt før, og tok til på nedoverkøyringa i nærleiken av Skavassgrovi. Nedover tok det litt tid, og det var mykje fall og ikkje minst latter! Vi køyrte ned mot skiløypa og fulgte den siste rest før vi var nede igjen til minibussen rundt 14:45. 


I løpet av denne turen lærte eg mykje om korleis ein skal bevege seg i vinterfjellet. Det var tydeleg kor viktig ledelinjer på kartet er og korleis ein skal bruke desse til navigering og for å vite kvar ein er i terrenget. Eg lærte at riktig utstyr er viktig og at det er betre å ha med for mykje enn for lite klede. Til neste tur vil eg ha med meg varmare vottar og enda meir klede, då det viste seg å bli litt kaldare enn eg hadde trudd. Alt i alt ein fin tur der vi nådde måla med turen og fekk mange erfaring med vinterfjellet. 



Tysdag 23.02.

Turplanlegginga før denne turen tok vi på morgonen på turdagen. Ein student som skulle vere med på turen hadde gjort mykje av planlegginga på førehand og la fram planen. Plan A var at vi skulle gå frå Goro, vidare til Ospeseter og til Pikkhaug. Det var tydeleg at det var kraftlinja vi skulle bruke som haldepunkt og ledelinje. I nokon parti skulle vi gå fekk i frå kraftlinja, for so å finne tilbake til den. Kriseplanen var å snu, sidan vi hadde ein bil på Goro om noko skulle skje. Frå Goro skulle vi følge traktorvegen til Ospesete. Der i frå skulle vi navigere oss slik at vi traff enten vegen eller kraftlinja som møttest i eit kryss. Vidare følgte vi kraftlinja til den fekk ein knekk. Her i frå skulle vi gå rett opp mot Pikkhaug. Vi fekk eit mål for turen, noko som var at ein skulle unngå å bli sveitt/våt/fuktig. Dette fordi at fuktigheit gjer at ein vert kald. 

Her er løypa som vart gjennomført på turen.




mandag 12. januar 2015

FORNUFTIG MAT PÅ TUR

På turar treng kroppen tilførsel av "drivstoff". Dess meir muskelarbeid vi driv, dess meir stig energibehovet. Ved å forbrenne karbohydrat, protein, feitt, vatn og mineral (som er i den maten vi et) og det vert omgjort til energi som musklane kan bruke. Behovet for energi varierer frå person til person avhengig av kjønn, alder, kropsstorleik og fysiskform. Det er også veldig viktig å få i seg nok væske. Ein del væske forsvinn gjennom huda i form av fordamping, i tllegg gjennom pusten og når ein sveittar.
I kvardagen bør inntaket av mat innhalde ca. 55% karbohydrat, 30% feitt og 15% protein. På tur kan ein godt auke inntaket av karbohydrat for å sikre blodsukker og glykogen. På lengre turar  bør ein drikke meir enn 2 liter væske i døgnet. Ein burde drikke noko som ikkje er vassdrivande (urtete, kakao, fruktte, buljong). Te og kaffi er vassdrivande og er noko ein ikkje burde drikke om dagen.

På tur er det viktigast at vi et karbohydrat som vert sakte omsette (komplekse). Det største måltide bør vi ha om kvelden. Når vi tek pausar om dagen, er det viktig å både drikke og ete, og vi kan gjerne ete karbohydrat som blir raskt omsette (simple), saman med komplekse karbohydrat. Om ein berre et simple karbohydrat som raskt vert omsette, stig blodsukkeret raskt og kort tid seinare vil ein gå tom igjen. Dei komplekse karbohydrata gir ein meir varig og stabil energi. Døme på komplekse karbohydrat er grovt brød, kornprodukt, havregryn, ris, pasta og poteter. Døme på simple karbohydrat er frukt, tørka frukt, rosiner, sjokolade, sukker og loff.

Avhengig av kva type tur vi ksal på, lengda på turen og råstida, varierar det kva slags mat som er mest formålsteneleg. Skal vi padle eller segle, kan vi tillate oss å tenkje mindre på vekta og til dømes ha med poteter, gulrøter og mjølk. Dersom ein skal på fottur i fjellet er dette noko ein må tenkje meir på. Det er grenser for kva vi har plass til i sekken og for kva ein orkar å bere. Her spelar også årstida inn. Om vinteren og i frostvêr må ein tenkje på om at maten kan fryse og må tole dette. Om sommaren må ein passe på at maten ein tek med seg toler varmen og held seg. I dag får ein tak i masse ferdig laga turmat, både spesialframstilt turmat og vanleg tørrmat i posar. Men dette er ikkje alltid det beste alternativet. Denne turmaten er både dyr og smakar ikkje alltid like godt.

Til frukost
Til frukost løner det seg å ete havregraut eller liknande, og ein kan tilsette rosiner, nøtter og sukker. Eit godt tips kan vere å lage ein heimelaga frukostblanding.

Enkel oppskrift på heimelaga frukostblanding (http://www.tursiden.net/2013/07/enkel-turfrokost/)
  • 1 kopp frukostblanding
  • 1/2 kopp havregryn 
  • 4-6 spiseskeier tørrmjølk
  • ca. 15 gram sukker
  • Nokon rosiner/tørka frukt
Når det er tid for fukost slår du i ca. 2dl varmt vatn. Om du lar grauten stå i nokre minutt har du havregraut. I denne frukosten finn vi komplekse karbohydrat som gir rikeleg med varig energi som ein har nytte av resten av dagen. I denne oppsrifta finn vi også simple karbohydrata i form av rosiner og/eller tørka frukt. 

Lunsj
Til lunsj er det lurt å velje mat ein ikkje må bruke primus til å lage heile måltidet. Under korte turar om våren, sommaren og hausten kan ein velje vanleg brødmat. På turar om seinhausten og vinteren må ein velje mat som ein veit ikkje frys. Eit godt tips her er å lage eit loganbrød. Dette brødet vil ikkje fryse på grunn av det høge sukkerinnhaldet. Inneheld mykje komplekse karbohydrat, men har også simple karbohydrat.

Oppskrift på loganbrød
  • 500gram sammalen kveite, grov
  • 300gram sammalen kveite, fin
  • 130gram soyamjøl
  • 130gram kokosmjøl
  • 100gram hakka nøtter
  • 2teskeier salt
  • 100gram hakka og tørka aprikosar eller rosiner
  • 300gram smør
  • 130gram sirup
  • 100gram honning
  • 5dl mjølk
Middag
Middagen er det viktigaste måltider om dagen. Her er det viktig at det er varm mat, og at det er nok vomfyll (ris, pasta, makaroni eller potetmos). Her kan ein også tenkke på at middagen gjerne kan innehalde rikeleg med væske, då det er vanskeleg å få i seg nok væske i løpet av dagen. 


Oppskrift arabiske netter (http://www.dntsor.no/index.php?fo_id=8398)

  • Poteter
  • Løk
  • Gulrøtter
  • Kjøtt/pølse
  • Litt vatn
  • Salt og pepper
  • smør
  • aluminumsfolie 
Legg ingrediensane i folien og legg på glørne på bålet. Ein kan gjerne bytte ut eller legge til andre grønsaker. Denne retten er varm og egnar seg godt til matlaging på bål. 













tirsdag 30. september 2014

BÅLBRENNING 29.09.14

Mandag  29.09 reiste vi opp til Rutlin. Der hadde to studentar laga til eit bål. Vi fekk nokon oppgåver vi skulle gjere. Tre stykk skulle lage ein trefot, nokon skulle spikke og andre samle inn never. Eg, Marte og Stine tok ansvaret for å lage ein trefot. Vi brukte saga og lagde tre pinnar i ca. samme størrelse på 1,5 meter. Vi brukte ein tråd som vi surra i åttetall rundt dei tre pinnane og knytte fast. Vi brukte enda ein tråd som vi laga eit "feste" der vi skulle henge panna.

Dette er ein trefot

Etter at alle var ferdge med oppgåvene sine satt vi oss rundt bålet. Nokon hadde med seg toast og nokon pølser. Før vi skulle gå hadde vi litt teori om bålbrenning. Vi lærte litt om ulike vedtypar og kva som egnar seg best til bål. Bøk og Eik vil gi mest varme, medan Bjørk brenn seinast. Det som egnar seg best til matlaging er bål med jamn varme overalt.
Det finnst ulike typar bål, men vi fokuserte på det som blir kalla "vinterbål".
Dette er eit vinterbål.


Vinterbålet sakl vere tettepakka, slik at det varer lenge. Det er oppbygd på ein spesiell måtemed tjukke, rå stokkar i botnen. Over den tjukke veden finn vi litt tynnare og tørrare ved, som igjen er toppa med nøreved (tynne,tørre kvistar og tørr flis.) På toppen av bålet skal det leggast spon flis av tørr ved, tørt granris og bjørkenever. Når vi får eld i vinterbålet brenn det nedover, noko som alltid har tilgang på oksygen.



søndag 28. september 2014

Tur: Mannsverk - Fjærlandsete - Kollsete

Vår første friluftslivtur gjekk til Fjærlandsete. Vi møtte opp ved utstyrshuset der vi fordelte fellsutstyret og fekk kart og kompass. Då alle var på plass og utstyret pakka, satte vi oss i bussen og satte kursen mot Mannsverk. Vi hadde ei lita samling der vi såg på kartet og kompasset før vi starta på turen. Første gruppe leda oss opp til Furusete der vi hadde første stopp og lunsjpause. Vi stoppa rundt ein time der vi fekk fylle på med mat og drikke i det varme været. Vi starta neste etappe med eit høgt tempo og turen frå Furuset til Fjærlandsete gjekk veldig fort. Etter litt leiting fann vi oss ein fin plass til å slå opp telta. Då vi var ferdige å slå opp telta og lage til soveplassar, fekk vi ein 1,5 time der vi kunne slappe av og gjere det vi ville. Nokon slappa, nokon gjekk seg ein tur og andre fiska. Rundt klokka fire starta alle teltgruppene med middag. Mi gruppe lagde torillalefse, fajitaskylling og tilbehør. Resten av kvelden vart brukt til  quiz, avslapping, kortspel, godterieting og mykje latter. Kvelden vart avslutta rundt bålet med heile klassen. Neste morgon var vi oppe og hoppa allerede klokka 8. Då pakka vi saman telta og åt pannekaker til frukost. Vi starta på heimvegen og gjekk jamnt og trutt mot fagreggji der vi hadde matpause. Derifrå gjekk vi til Kollsete, før vi to bussen tilbake til skulen. Der vaska vi stormkjøkkena, hang opp telta og levrte inn kart og kompass. Det var ein kjempefin tur med nydeleg vær og ein fin gjeng!



Kart som viser soveplassen mi gruppe valde ut. Vi kom fram til denne plassen etter litt leiting. Vi tok hensyn til heile klassen sitt ønske om å ha leirplass nærme vatnet. Det var ein plass der det var ganske flatt og plass til alle telta, samtidig som at det var tørt.



Her er ruta gruppa mi leia.


Matlaging på stormkjøkken. 
Gruppa mi set opp telt.

Ting som kan gjerast annleis
Visst det var noko eg skulle gjort annleis ville det vert at eg velgjer ein litt enklare frukost, sidan pannekaker tok tid og var veldig vanskeleg å steike på stormkjøkkenet. Då blir det lettare å komme seg avgårde til rett tid om morgonen, noko vi ikkje klarte på denne turen.

Positive ting eg vil fortsette med
Eg var veldig fornøyd med val av kle og sko. Eg hadde med meg nok byte kle og varme kle slik at eg alltid haldt meg varm og tørr. Sidan det vart mykje kaldare med ein gang sola gjekk ned var det veldig lurt å ha med ei god varm jakke som eg kunne ta på meg. Dette er noko eg skal fortsette med alle turar, sidan det ikkje er særlig kjekt å vere på tur når ein er våt og kald.


Noko eg lærde
På dennne turen lærde eg mykje om kart og kompass. Dette var noko eg ikkje kunne noko særleg om frå før av. Eg lærde korleis eg tek ut ein kompass kurs og korleis eg kan bruke ledelinjer til å orientere meg i terrenget. Vi fekk bruke det vi hadde lært når dei ulike gruppene skulle lede heile klassen ein del av turen.






Dette var ein lærerik og veldig morro tur!