Reiseruta til Storøyna og padle og gåturen vi hadde på ettermiddagen:
TORSDAG
Møte 09.00
Avreise naustet: 10.30
Ca. 3 km = ca. 1 t +vind, straum og
pausar = ca. 1,5 t.
Ankomst øyna à 12.00
Kjem i land og finn leirplass + et
litt lunsj (privat utstyr)
14.00: padlar til Saurane (ca.45
min) og følg stien oppover mot Dal (1,5 km + 400 hm = ca. 1,5 t) à tilbake ca. 17.00/17.30 à treng ikkje gå heilt opp (sjå an)
Ellerà padle inn til Skakkhaugen à gå grusvegen
Middag: 18.00
Sosialt resten av kvelden (bål,
quiz osv.)
FREDAG
Stå opp: 8.30
Ete frukost og
pakke saman
Avreise: 10.45
Ankomst naustet: 12.15
Skulen: 13.00
*Padlar omtrent 4 km/t dersom det er ganske stille (lite straum og motvind)
*På fottur går vi omtrent 4 km/t , men legg til 20min per 100 høgdemeter
Eg tykkjer at tidplanen vi satt opp før vi reiste var veldig god og passa veldig bra. Kanoturen til øyna tok 1,5 t akkurat slik som berekna. Det var litt vind og straumar, men ikkje noko som lagde dei største utfordringane. Resten av tidsplanen klarte vi å halde rimelig bra. Det var kun på padleturen tilbake frå Saurane som gav oss utfordingar. Det var veldig kraftig vind som gjorde det vanskelig å halde same tempoet på kanoane, som vi hadde hatt tidlegare. Sjølv om det vart tungt og det vart vanskelig å styre kanoane tykkjer eg at gruppa løyste det på ein bra måte og vi klarte likevel å halde tidsskjema. På heimreisa på fredagen hadde vi også rekna å bruke omlag 1,5t, men sida det var heilt vindstille brukte vi omtrent 45min.
Når vi padla var vi heile tida bevisst på å padle inntil land. Både for tryggheiten si skuld og for at vi skulle vere nært land for å sjå på omgivnadane. Vêr, vind og straum vil påverke ferdselsmønsteret. Det vil vere vanskelegare å styre kanoen og halde seg inntil land. Straum og vind vil også ha innverkand på tida ein brukar. Eg og Marte fann ut at det var best at eg sat framme og var "motor", medan ho sat bak å var "styrar".
Det var ein kjempeflott tur, og ein fin avslutning på eit kjekt friluftslivår!